Marita Nergård Gustad

11. kandidat

Oppvaksen på to gardar i indre Sogn på Vestlandet. Er utdanna som økologisk agronom og lærer. Bur i Verdal, er gift med ein trønder og har tre barn. Er med i eit økologisk andelslag og Verdal Sanitetsforening. Jobber for tida som norsklærer for elevar med minoritetsbakgrunn.

Har lengre politisk erfaring fra eit anna parti og lang tid som aktivt medlem i miljørørsla. Innmeldt i MDG i 2015.

Klima- og miljøarbeidet er heilt eksistensielt. Det er ein norsk tradisjon og eit utrykk som seier at, «ein skal overgje garden i ein betre tilstand enn den var i når ein overtok den sjølv.» Det gjer vi ikkje no med livsgrunnlaget for våre etterkomarar og det hastar meir enn nokon gong å gjera noko med det. Fleire og fleire skjønar alvoret i dette og det gir håp om at vi saman kan skapa ei framtid som tar betre vare på mennesker og miljøet. Og til det treng vi ein tydeleg miljøpolitikk!